Sunnfjord næringspark
– ein attraktiv stad for etablering

Sunnfjord Næringspark er plassert ved E39, i det mest folkerike området i Sogn og Fjordane. Sunnfjord kommune har ein ambisjon om å tilby ein moderne og framtidsretta næringspark som legg til rette for å utnytte og bruke alternative energiformer.

Sentral plassering ved E39 og fly til Oslo på 55 minutt.

Enkelt å velje grønt, t.d. eigen straumproduksjon med solceller.

Kraftknutepunkt midt i parken – utnytt overskotskrafta i NO3.

Sunnfjord kommune har 23 000 innbyggjarar. Som vertskommune for fleire direktorat, høgskule og fagskule, sentralsjukehus, fylkeskommune, bank og forsikring, kan Førde vise til høg grad av kompetansearbeidsplassar.

Sentralt og framtidsretta

Sunnfjord Næringspark er plassert i det mest folkerike området i Sogn og fjordane, og ligg sentralt ved E39/Rv5 – midt mellom Bergen og Ålesund – og Florø – Sogndal. Fv613 mot Balestrand går også forbi næringsparken.

Kommunikasjonen til omverda er rask og enkel, anten ein reiser med bil, buss eller fly. Flytida Bringeland-Gardermoen er cirka 55 minutt med 5 direkteavgangar i døgnet kvar veg.

Neste steg

Første byggetrinn K1 av Sunnfjord næringspark vart opna i 2020. Her er alle tomter selde, og mange verksemder alt etablert. Målet er at Sunnfjord næringspark vil vere klar innan 2027. Det er vedteken eigen områdeplan, og det blir arbeidd med ein ny detaljreguleringsplan i 2026. Tomtene blir selde ferdig planert og med teknisk infrastruktur til tomtegrensa.

Heile parken med grøntareal vil vere på 300 dekar medan den opparbeidde delen om lag 200 dekar. Mykje av infrastrukturen er på plass, men det står igjen noko meir tilrettelegging for gang- og sykkel samt bru over Jølstra midt i parken.

Moskog – kraftknutepunkt midt i næringsparken

Sunnfjord Næringspark ligg like ved Moskog Transformatorstasjon og har ein gunstig plassering for å utnytte den tilgjengelege overskotskrafta i NO3.

Elva Jølstra som renn rett gjennom næringsparken, legg samstundes grunnlaget for Jølstra kraftverk lenger oppe i vassdraget. Kraftverket produserer 252 GWh. Med transmisjons- (420 kV) og regionalnettet (132kV) er Moskog er eit av dei største kraftknutepunkta i landet.

Det skal vere enkelt å velje grøne løysingar

Plasseringa av parken gjer det òg attraktivt å sjå på eigenproduksjon av straum og varmtvatn ved å sette opp solceller. I tillegg er termiske energikjelder òg aktuelt. Det gjeld vatn frå elva Jølstra, uteluft og energibrønnar. Sunnfjord næringspark er delvis opparbeida på masser som er tatt ut i samband med bygginga av Jølstra Kraftverk. Under området går utløpstunnelen frå kraftverket, før det det vert leia tilbake til Jølstra like før Movatnet. Vi har derfor sett på muligheiten til å utnytte vatnet i denne tunnelen til kjøling, for å utnytte meir av potensialet i elva utan å utføre nye naturinngrep.

Gjeldande reguleringsplan

Map

Ta kontakt

Ønsker du meir informasjon eller å diskutere moglegheitene for å bli ein del av næringsparken? Ta kontakt med ein av våre kontaktpersonar nedanfor for skreddarsydde løysingar som møter behova dine. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Bente Kristin Grønsberg Aase

Salsansvarleg og dagleg leiar i Sunnfjord Tomteselskap

Ole John Østenstad

Prosjektleiar Sunnfjord Næringspark

Arne Ekreskar

VAR-ingeniør